mandag 13. februar 2012

Anne Viken sitt innlegg

Veterinærar i offentlegheten

Det er stor avstand mellom landbruk og forbrukar. Folk flest kan svært lite om matproduksjon.
Gjennom å tilføre forbrukarane kompetanse kan veterinærane ha innflytelse og påvirkningskraft.

Tittelen på veterinærstudentanes debatt onsdag 25.januar var dei tause veterinærane. Men veterinærar finst i media.

Norges mest kjende veterinær, Trude Mostuen, meiner ingen bør få unger uten å ta minst to tre års perm per unge. Mostue er i underhaldningsbransjen, dansar på tv og vekker latterbrøl hos kultureliten.

Mostue er slik som media liker å framstille oss. Uten forstand på politikk og veldig glade i dyr. Dette er den stereotypiske fortellinga tabloidmedia har skapt. Her liker dei å ha oss.

Så ja, veterinærane finst der ute. Veterinærar og dyr er lettvint underhaldning.

Dette er Trude Mostue eit godt eksempel på, samt tv-serien om veterinærstudentar. Det krev ingenting av mediekonsumenten og vi krev ingenting av dei. I desse settingane flyt vi på mytene og tilbyr lite nytt.

Undehaldningsarenaen bidrar til å styrke det bildet som alt finst av oss i offentlig rom: som snille med dyr. Ein tek tak i ei historie som folk alt kjenner: dyrlegen som fiksar katten, og så bygger ein vidare på denne.

Dette er kjent, og det som er kjent vil vi høyre meir om. Det gir klikk på nettavisene og antal klikk gir reklameinntekter for mediene. Det er grei mediapsykologi. Trude Mostue er ein klikkgenerator.

Eg har møtt ei mengde fordommar mot veterinærar i media.

Folk veit ikkje kva vi kan.

Då eg begynte som journalist i Universitas, fekk eg høyre av ein kollega: veterinærar deltar da aldri i samfunnsdebatt. Det er da ikkje noko poeng for deg å vere journalist.»

Her om dagen fekk eg ein kommentar på min blogg: «Veterinærar er like synlege i offentligheten som pasientane sine».

På veterinærhøgskkulen var det vanleg med kommentarar av typen «Kvifor er du journalist når du er veterinær?»

Folk såg ingen kopling mellom veterinærmedisin og media.

Men der er ei openbar kopling mellom veterinærar, media og offentlig debatt.

Det er ingen tvil om at veterinærane trengs i offentleg debatt. Vi sit på svært mykje kompetanse som er usynleg for folk. Vi kjenner til problemstillingar som folk ikkje ein gong veit at eksisterer.

Kva skal dei kjøpe? Øko kylling eller konvensjonell?
Skal dei ete sau eller kalkun?
Er nøkkelholet bra, med tanke på dyrehaldet i fjørfenæringa?

Forbrukarane må ha kompetanse for å ta gode valg. Dei har krav på å få vite kva dei et, og det får dei per dags dato ikkje. Nortura og Tines reklamekampanjer tilbyr klisjear, ikkje fakta. Fakta kan vi kome med.

Denne kunnskapen er viktig for forbrukarane å ha når dei står i butikken og skal handle mat. Denne kunnskapen er også viktig å ha når forbrukarne skal stemme ved valg, når dei skal bestemme seg for om dei skal kjøpe norsk eller import. Er Norge betre enn andre land på dyrevelferd eller er det ein bløff?

Eit argument eg har høyrt er at veterinærane skal tale bøndenes sak, men vår jobb er ikkje å oppretthalde norsk landbruk. Vår jobb er å oppretthalde eit norsk landbruk i verdsklasse. Vi skal snakke om kva som er forholda, ikkje om kva som ideelt sett skulle ha vore forholda, i norsk landbruk.

Så er norske veterinærars rolle å passivt hegne opp om mytene, eller skal vi bidra til konstruktiv kunnskap til offentligheten? Kven sitt ærend skal vi gå? Næringane eller dyras? Svara burde ha vore openbare.

Vi har inga plikt til å delta i det offentlige ordskiftet. Men vi har ein rett og vi trengs der.

Anne Viken, veterinær

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar